
Kretscupen i langrenn samanlagt
Årets Kretscup i langrenn oppdatert. Det vert ikkje noko Fanarenn slik regelverket er per i dag. Det betyr at dei 7 teljande renna er opptelt og me har ei samanlagtliste for sesongen.
Slik regelverket kan tolkast etter dei siste endringane, så er det vanskeleg å få arrangert vår finale den 11. april. Det er enda ikkje endeleg korleis reglane vil sjå ut for idretten, men alt tyder på at me har fullført årets kretscup i langrenn med Vestlandske skistemna som siste renn. Sidan me ikkje fekk arrangert alle våre renn i år, så har langrennskomiteen beslutta at me har 7 teljande renn og potensielt eit renn som kan strykast om ein har delteke på alle 8 renna.
Takk for innsatsen til alle deltakarane, og ikkje minst til arrangørane som har laga så fine arrangement for våre unge langrennsløparar under ein krevjande sesong.
Kretscupen samanlagt 2020-21 langrenn hordaland
Oppdatering rundt dei siste endringane i forskrifta for smittevern for idretten kjem i løpet av dei næraste dagene. Informasjon om dette vil klargjere både arrangement i eigen skikrets og det utsatte SørVest meisterskapet. Det vert publisert ein eigen sak om dette før påsken.