Hopp til innhold

Ein glad Noregsmeister, Benjamin Østvold føre

Bakkerekord og godt gjennomført NC hopp på Voss

Det vart hoppfest i Bavallen i helga, når NC senior og NM junior vart arrangert i ein strigla Nye Bavallen. Arrangøren gjorde ein strålande dugnadsinnsats for å klargjere bakken under dei krevjande føreforholda med mildver.

NC og NM junior i hopp vart gjennomført på ein strålande måte trass særs krevjande føreforhold i forkant av arrangementet. Mildveret gjorde førebuingane vanskelegare med solid innsats av friviljuge i dugnads- og funksjonærgjengen. Arrangøren meldte om god frysing og bakken heldt difor godt begge dagar. Bakkerekord vart det også. 109,5 meter lyd den nye rekorden.  

Sjå også sak på NSF si hoppside med resultat frå renna, som bestod av både NM for junior og LO NC hopp senior. 

Nokre bilete frå hoppbakken med både dugnadsjobb og arrangementet. 

nif-epi04, 04