Hopp til innhold

Utsette kretsrenn på Korlevoll og Røldal

Jularennet og Røldalsrennet har ikkje skiforhold til å arrangere skirenn på dei oppsatte datoane 26. desember og 2. januar. Helga 15. og 16. januar er nye renndatoar for dei tradisjonsrike arrangementa. Sjå oppdatert terminliste med ny dato for Voss Sparebankrennet og nyvinninga Vestlandsmeisterskap.

Terminliste langrenn hordaland 2021-22 (20.12.21)

I tillegg til dei nemnte flyttingane er også Vestlandsmeisterskap plassert i årets terminliste og går siste helga i mars. Parkstafetten vert erstatta av det individuelle rennet Parkrennet, slik at Vestlandsmeisterskapet går med to individuelle renn. I Vestlandsmeisterskapet inngår naboskikretsane Agder og Rogaland og Sogn og Fjordane til eit felles meisterskap.

NIF-EPI03, 03