Hopp til innhold

Fylkesvinnar - Årets ildsjel

Magne Sørestrand frå Eldar IL er utnemnt til årets ildsjel i Vestland Idrettskrets. Han er dermed også ein av elleve kandidatar til den Nasjonale prisen, som vert utdelt under Idrettsgallaen i januar 2022.

Magne Sørestrand frå Eldar IL skulle i dag til Gullbotn og Sjusete for anleggssynfaring. Det vart noko anna som møtte den blide eldsjela frå Framnes, når han ankom skysstasjonen på Gullbotn.


Her vart den driftige aktivitetsleiaren møtt av representantar frå Idrettsforbundet og prisutdelar Clas-Brede Bråthen frå NSF, som kunne avsløre at Magne er Fylkesvinnar i Vestland Idrettskrets som årets ildsjel. Han er difor også kandidat til den Nasjonale prisen som vert utdelt under Idrettsgallaen i januar 2022. 

Det var ein kjekk overraskelse for Magne, som med sitt arbeid både i Eldar IL og for Hordaland skikrets, har gjort ein betydeleg innsats for både anleggssituasjon og aktivitetstilbodet med sitt engasjement gjennom mange år. At dette vert sett pris på med ei slik utmerking, gjer Hordaland skikrets stolte, og me kunne ikkje vore meir einige med juryen i denne avgjersla.

Det vart ei fin stund for prisvinnaren på Gullbotn, som vart hylla  av dugnadskameratar frå Voss, Gullbotn og Norheimsund og representantar frå Hoppavdelinga i Skiforbundet. Han var ikkje sein med å dele æra for prisen med akkurat desse.  

Store gratulasjonar frå Hordaland Skikrets Magne!

Sjå meir om ildsjela i Avisa Hordaland som var til stades under utdelinga. 

Sjå dei nominerte og fylkesvinnarane på Idrettsforbundet si heimeside.  

NIF-EPI02, 02