Hopp til innhold

Myrfotball er gøy!

Kretssamling og rulleskicupen

På Voss ski- og tursenter var det kretssamling for dei over 15 år og rulleskirenn i helga. Vossalangrenn var vertskapet til den kjekke samlinga. Ruulleskirennet markerte også avslutninga på året kretscup i rulleski.

Det vart ei allsidig og aktiv helg for deltakarane på vår kretssamling i helga. Vossalangrenn laga til ei flott ramme med matservering og innkvartering på arenahuset. Her vart det god stemning mellom øktene i helga. 

Dei yngste deltakarane starta opp med treningstilbod allereie på torsdagen, og fulgt opp på fredags morgon med besøk på Voss gymnas. Der vart ungdomane invitert på omvisning, basistrening, lunsj og eit føredrag frå Olympiatoppen Vest om treningsplanlegging og kosthald. Nyttig besøk for 14 - 16 åringane som snart skal velge kva vidaregåande skule dei vil gå på.

Helga vart avslutta med rulleskirenn i åsen. Her fekk dei prøvd seg på traseane som også skal huse Norgescup-renn til vinteren. Sjå resultat og samanlagtlista i kretscupen for rulleski under bileta frå den kjekke helga.


Resultat rulleskirenn friteknikk Voss søn 3. oktober

Samanlagtliste kretscupen i rulleski hordaland 2021

Markert i grøn: Vinnarane og dei som fullførde 3 renn fekk alle flotte gåvepremiar frå Hordaland Skikrets. 

  

nif-epi04, 04