Hopp til innhold

Trener I kurs i langrenn

Del 2 på trener 1 kurset går 23. - 24. januar på Kvam og Sjusete. Det er opent for dei dei som berre vil vere med på modulen vinter, og for dei som vil byrje trenerkurset nå og fullføre barmarksdelen til sommaren.

Kurset vil vere åpent for alle og vil passe best for dei som trener dei yngre årsklassane. Trener I kurset er det grunnleggande kurset som er starten på skiforbundet si trenerløype. Har du lyst på påfyll i trenerkvardagen, eller ynskjer å ta vidare trenerutdanning gjennom skiforbundets trenerløype, så er dette rette kurset for deg.

Trenerkurset i langrenn vert arrangert gjennom 2 helgar i løpet av sesongen. Første kurshelga vil vere laurdag 12. desember til søndag 13. desember.  Andre kurshelga vil vere laurdag 23. januar og søndag 24. januar. 

 For dei som berre ynskjer å vere med på vinterdelen, så er det kurset opent som eit temakurs, men du får ikkje fullverdig trener I kompetanse. Då må ein eventuelt ta barmarksdelen av kurset seinare. 

Informasjon om innhald trener I kurs - langrenn

Send mail til bernt.rusten@skiforbundet.no om de ynskjer å vere med på kurset. 

Timeplan trener I 2020-21 sjusete

 

NIF-EPI03, 03