Hopp til innhold

Godt oppmøte på rekruttøkta under vår treningsdag i Bømoen leir på Voss.

full fart på treningsdag

Det vart ein fin treningsdag på Voss, når langrennskomiteen inviterte til rekrutterings- og treningsdag i Bømoen. Over 40 deltakarar fekk gode treningstips av mellom anna Vebjørn Turtveit. Dagen bestod av rulleskitrening for rekruttane. For dei eldre vart det felles lunsj med quiz og løpetur med styrke og spenst/hurtighet på ettermiddagen.


Høg aktivitet på rekruttøkta med ivrige deltakarar, som for fleire var første gang på rulleski. 

Vebjørn Turtveit frå Voss, som nærmar seg verdstoppen i langrenn, stilte velviljug opp og delte teknikktips med deltakarane. 

Dei var heldige desse jentene, som fekk treningstips av Hilde Fenne. 

Kor gamal er du? Så mange rundar går du rundt huset!

nif-epi04, 04