
Rulleskirennet Fløyen opp
Rulleskirennet fløyen opp i skøyting går som planlagt torsdag 20. august med nokre endringar knytta til smittevernshensyn.
TIF Viking ynskjer velkommen til eit utfordrande rulleskirenn i traseen opp til Fløyen torsdag 20. august kl 1850 frå Skansemyren(dei yngste klassane) og kl 1900 frå Skansen(dei eldste klassane).
Rennet i skøyting har målgang på Fløyen og den gode asfalten i stigningen gjev gode forhold for rulleski skøyting.
På bakgrunn av koronasituasjonen og smittevernhensyn, så er det nokre endringar:
-ikkje muleg å transportere klede til mål.
-ikkje utlevering av drikke ved målgang.
-ikkje felles premieutdeling etter arrangementet. Utlevering av deltakarpremie ved målgang.
Hugs førehandspåmeldingsfristen er tysdag 18. august 23.59
Vel møtt!