Hopp til innhold

Frå starten på rulleskirennet Bergsdalen opp. Foto: Avisa Hordaland.

Rulleskirenn og treningsdag i Dale og Bergsdalen

Laurdag 8. august arrangerte skikretsen og Bergsdalen idrettsutval ein innhaldsrik treningsdag for langrennsutøvarane. Rekruttøkt, rulleskirenn og løpetur mot Høgabu vart gjennomført.

Ein litt regnfull dag hindra ikkje utøvarane frå å ha det kjekt med trening og det utfordrande rulleskirennet frå Dale og opp til Bergsdalen. 

Dagen starta med ei rekruttøkt for dei yngste, før rulleskirennet Bergsdalen opp og felles lunsj med løpetur frå Bergsdalen skule avslutta den kjekke dagen. 

Bergsdalen Idrettsutval og lokale dugnadskrefter gjorde at dagen vart ein god oppleving for utøvarar og foreldre som tok turen til Dale og Bergsdalen denne laurdagen. Skikretsen takkar alle som stilte på dugnad, og me konstaterer at det vart ein flott dag for deltakarane. 

I tillegg til dugnaden, så vil arrangøren takke for viktig støtte frå dei lokale bedriftene Spar Dale, Dale entreprenør og BKK 

Sjå bilete og resultat frå laurdagens rulleskirrenn. 

Etter målgang var det tid for fantastisk betasuppe på Bergsdalen skule. 

Før dagen vart avslutta med ein flott joggetur opp mot Høgabu.

Resultatliste frå rulleskirennet Bergsdalen opp laurdag 8. august.

NIF-EPI02, 02