Hopp til innhold

Det vert ein allsidig treningsdag på Bømoen når skikretsen inviterer til treningsdag.

"Mini haustcamp" for langrenn

Laurdag 12. september inviterer langrennskomiteen i hordaland til treningsdag i Bømoen for dei født mellom 2005 - 2009. Det vert også rekruttøkt for dei født mellom 2010 - 2013.

Langrennskomiteen i Hordaland skikrets ynskjer velkomne til treningsdag i Bømoen laurdag 12. september. Det vert ein "mini haustcamp" med lunsj i Bømoen. Skikretsen stiller med dyktige trenarar.

Samlinga er for aldersgruppa 11 - 15 år (komande vinters 12 - 16 års klassar. Det vert også ei open økt kl. 10 for aldersgruppa 7 - 10 år(komande vinters 8 – 11 år). Her er også nye rekruttar hjarteleg velkomne. Søndagen inviterer Vossalangrenn på ein hyggeleg fjelltur for dei tilreisande som ynskjer å overnatte på Voss til søndag. 

Me følger Norges skiforbunds koronavegleiar for gjennomføring av treningsdagen. Hugs å meld dykk på online for å gjere planlegginga lettare. 

Program: 

Kl 10.00 - Oppmøte 
Kl 10.15 - Trening i grupper på rulleski. Oppdelt etter nivå og alder. Hugs hjelm og refleksvest.

For dei som ikkje har rulleski i rekruttgruppa, så kan de få låne hos oss. Det må sjølve ha med skisko med NNN(Rottefella) binding. 

Frukt og deltakarpremie til dei yngste. 7 - 10 år. 

For aldersgruppa 10 - 15 år(komande vinters 12 - 16 år): 

kl 1230 - Felles lunsj servert i Bømoen.  

kl 1315 - Sosialt med quiz. 

kl 1400 - Treningsøkt på beina. Løpetur, spenst/hurtighet/leik og styrke. 

kl 1600 - Treningsdagen slutt. Frukt til deltakarane. 

Påmelding treningsdag langrenn - Bømoen laurdag 12. september

NIF-EPI01, 01