Rulleskirenn og treningsdag

Laurdag 8. august inviterer Hordaland skikrets og Bergsdalen Idrettsutval til rulleskirennet Bergsdalen opp og treningsdag med felles lunsj og fjelltur. Det vert trening for nye rekruttar i Dale frå kl 10. Rulleskirennet startar kl 12 for 13 år og eldre. Me følger anbefalingane til FHI angåande koronarestriksjonar.

Program for dagen

1000– 1200: Treningsøkt for dei yngste (8 - 12 år) med utlån av rulleski for dei som treng. Om de ikkje har rulleski, så tek de med sko med NNN system, så kan de låne rulleski på staden. Dette føregår i Dale sentrum ved BKK bygget(turbinen).  Bruk min idrett for påmelding. 50 ,- inkluderer ein liten premie og lunsj før løpe-/ fjelltur i Bergsdalen. 

1030 – 1130: Oppmøte og utdeling av startnummer for rulleskirenn ved Heradshuset.

1200 – 1300: Rulleskirenn Bergsdalen Opp. Valfri stilart i fellesstart. Asfalten og stigninga gjer klassisk teknikk meir effektiv, men skøytarar får ei utfordrande og god motbakkeøkt om ein velger det. 

 1330 - 1415: Deltakarmat(betasuppe) på Bergsdalen skule.

1430: liten fjelltur for dei yngste og løpetur for dei eldste.

1630: Slutt for dagen.

Koronavegleiar og regelverk

Påmelding rulleskirenn og treningsdag Dale/Bergsdalen 8. august

Førehandspåmelding innan torsdag 6. august kl 23.59.

Publisert 21. sep. 2025