Hopp til innhold

Fjorårets stafettlag frå hordaland under Kong Haralds ungdomsstafett. I år er det nye som får gleda, sjølv om pubilikumsramma vert annleis i år.

Hordaland med to lag til Kong Haralds stafett

Sjølv om det ikkje vert den folkefesten i Holmenkollen alle hadde håpa på, så stiller Hordaland skikrets med deltakarar under ungdomsstafetten og med både Karoline Simpson-Larsen på 3-mila og Sjur Røthe på 5-mila.

Deltakarane på hordalands lag til Kong Haralds ungdomsstafett reiser bort sjølv om publikum ikkje vert ein del av ramma denne gang. Me har med to lag også i år, og følgande stiller for skikretsen sine lag: 

Marius Flatabø                Vargar IL 
Marcus Enes Seberg       Omvikdalen IL
Marie Hopsnes                Fana IL
Amalie Galaaen Røthe   Voss IL

Sondre Myking                Osterøy IL
Vegard Ragnhildstveit   TIF Viking
Marte Senderud Wæhle Voss IL
Emma Lefdal                    Fana IL

Dei har med seg dyktige lagleiarar og reiser i ettermiddag med toget. Skikretsen ynskjer lykke til!

Andre som også er med på skifesten til helga er sjølvsagt Sjur Røthe, men også Karoline Simpson-Larsen har kome med i uttaket. Me håpar at begge får klaff på dei lange løpa. Skikretsen kryssar fingrane.   

 

nif-epi04, 04