God innsats under Kong Haralds ungdomsstafett
Hordaland skikrets hadde med 2 lag på stafetten som gjekk i Holmenkollen for aldersgruppa 15 - 16 år. I konkurranse med dei andre skikretsane gjorde begge laga det veldig bra.
Det vart ei kjekk reise til Oslo for våre deltakarar som fekk gått stafett i sjølvaste nasjonalanlegget Holmenkollen. I stafettkonkurransen, som også vart sendt på NRK, gjorde dei det veldig bra. 1. laget kom på 11. plass og 2. laget kom på 17. plass i konkurranse med dei 15 andre skikretsane og dei 30 deltakande laga.
Sjå bilete frå stafetten med hordalandsløparane i aksjon under skikkelege kollenforhold. Følgande stilte for hordaland under stafetten:
1. lag
Marie Hopsnes Fana IL
Marcus Enes Seberg Omvikdalen IL
Amalie Galaaen Røthe Voss IL
Marius Flatabø Vargar IL
2. lag
Emma Lefdal Fana IL
Vegard Ragnhildstveit TIF Viking
Marte Senderud Wæhle Voss IL
Sondre Myking Osterøy IL
Resultat Kong Haralds ungdomsstafett i holmenkollen 8. mars 2020