Hopp til innhold

Her er det jenter 14 år som gjere seg klar til fellesstart i klassisk teknikk i Røldal under Tour de hardanger.

Full fart med Tour de hardanger

Det var ei travel og kjekk helg i Røldal og på Seljestad for langrennsløparane som var med på Tour de hardanger.

150 deltakarar var med på helgas sosiale langrennskonkurranse med 3 renn på to dagar. Renna gjekk i Røldal og på Korlevoll. På programmet laurdag stod prolog og klassisk distanserenn.  På søndagen vart touren avgjort med jaktstart i friteknikk. For dei yngste bestod tour de hardangar av klassisk distanserenn laurdag og klassisk distanserenn søndag. 

Flotte forhold under årets Tour de Hardanger. Bilete frå juniorane sin start under fellesstarten og under av røldølen Bård Olav Steinsland Medhus, som har gjort det veldig skarpt i juniorklassen nasjonalt i år.

Resultat tour de hardanger 7. og 8. mars 2020 

For dei som har abonnement på Hardanger folkeblad, sjå biletserie

Takk til arrangørklubbane Røldal IL og IL Korlevoll-Odda for eit annleis og flott renntilbod for våre langrennsløparar. 

NIF-EPI01, 01