Hopp til innhold

Det vart gjort ein flott jobb med løypene for å sikre gode forhold under helgas renn. Resultatet vart strålande. (Foto: Avisa Hordaland) )

Ulvikarennet og sprintstafett

Ulvik IL inviterte til langrennskonkurransar på Drevtjørn laurdag og søndag. Trass krevjande vertilhøve, så laga arrangøren to gode renndagar. Sjå oppdatert poengliste kretscup.

Laurdagen var satt av til Ulvikarennet i klassisk teknikk. 130 deltakarar var med på ein kjekk skidag i det flotte anlegget. 4-5 traktorar og ein "bondehær" er å takke for at løypene vart så gode med både tilkøyrd snø og salting av løyper. 


Inga Hjeltnes og Selma Gjerde frå Ulvik klare til start på laurdagens Ulvikarenn.

Resultat Ulvikarennet  klassisk  08.02.2020

Les om Ulvikarennet i Avisa Hordaland

Søndagen var det sprintstafett i friteknikk. Her stilte 70 lag til start og sjølv om veret var krevande på vestlandet denne dagen, så viste Drevtjørn seg frå ei langt meir venleg side. 

Løypemaskinen gjorde klar til søndagens sprintstafett i anlegget. 

Resultat Ulvikasprinten sprintstafett 09.02.2020 

Etter helgas Ulvikarenn, så er kretscupen oppdatert. 

Kretscupen oppdatert etter Ulvikarennet 08.02.2020

NIF-EPI03, 03