Hopp til innhold

Førebuing under fjorårets telenorleiker som gjekk i Vassfjellet.

Telenorleikene på Norefjell

Årets telenorleiker vert arrangert på Norefjell frå 26. mars - 29. mars. Hordaland skikrets har reservert overnatting og lagar til fellesopplegg rundt det sportslege.

Skikretsen har førehandsbestilt felles overnatting og oppfølging i samband med årets Telenorleiker som går på Norefjell. I tillegg vil skikretsen legge til rette for ein precamp på Geilo 20. - 22. mars. 

Telenorleikene Norefjell 25. - 29. mars

Me har reservert overnatting på 5 stk 6 -sengs leiligheter på Norefjell ski og spa frå onsdag 25. mars til søndag 29. mars. Overnattinga kostar 600,- per natt og inkluderer frukost på hotellet. Det er kjøkken på leilighetane for øvrig mat, eller mulighetar for å kjøpe dette på hotellet. Kostnaden for overnatting vert då 600,- per natt og 2400,- totalt. Meld dykk på skikretsen si overnatting på linken under. Frist 10. februar. 

Me har i år fine vestar til alle deltakarane. Dei er litt isolerte og har Hordaland skikrets logo på ryggen. Dei vert fakturert i lag med overnatting og fellesopplegget med ein eigenandel på 100,- for deltakarane. Marker størrelsen på vesten under påmelding til overnatting. Dei har størrelsar for menn og kvinner og er nok mest aktuelle i str s, sidan det er den minste størrelsen. 

Link til facebookside for telenorleikene og påmelding til sjølve renna. Påmeldingsfrist 12. mars. 

Precamp Geilo 20. - 22. mars

I samband med telenorleikene og hovudlandsrenn har skikretsen planlagt ein precamp på Geilo med  skidagar på fredag, laurdag og søndag. Trenerkostnadane vert fordelt med 150,- per dag for deltakarane. Kryss av på påmeldingsskjemaet om de er interessert i precamp og ev også treng overnatting der. 

Påmelding precamp og overnatting telenorleikene 25. - 29. mars  

NB! Frist 10. februar. 

nif-epi04, 04