Hopp til innhold

Oppdatert informasjon Torefjellsrennet

No har endeleg snøen kome på Sjusete og det går mot at årets Torefjellsrenn, søndag 23. februar, går som planlagt. Sjå oppdatert informasjon frå arrangøren Kvam LSK.

Det kjekke turrennet har eit allsidig program i år. Om du likar lang løype, kort løype, klassisk teknikk eller friteknikk, så er det noko for alle. 

Nytt av året er «Hardhausen», som går i klassisk teknikk i ei løype på 35km. Dette er også seedingsrenn for Birkebeiner-rennet.

Det er tilbod om turrenn utan tidtaking i valfri stilart på 11 km.

Det tradisjonelle Torefjellsrennet på 22km i friteknikk (fellesstart) i konkurranseklasse frå 17 år og oppover. 13- til 16-åringane går 10km fellesstart,  medan 11-12 åringane går 5 km. Det vert barnerenn for dei som er yngre enn 10 år.

Kvam LSK  håpar på god deltaking og gledar seg til å ynskje velkomne til skifest på Sjusete både under laurdagens Kvammasprint og søndagens turrennfest 22. - 23. februar.

Påmelding Kvammasprinten 22.02.2020

Informasjon og påmelding torefjellsrennet 23.02.2020

NIF-EPI03, 03