Hopp til innhold

Sjur Røthe var raskast av alle, når "WC skitour 2020" starta opp i Østersund. Det lovar godt for den spanande konkurransen som avsluttar i Norge. Sjur leda an blant fleire løparar frå skikretsen som markerte seg i helga. (Foto: Langrennslandslaget facebook.)

Langrennsløparar i toppen

Det var mange hordalandsløparar som gjorde seg bemerka under helgas WC, Norges cup senior og Norges cup junior. Skikretsen var representert i toppen på alle stadar.

Det vart ei imponerande helg for mange av våre skiløparar som var på Nasjonale og Internasjonale konkurransar i helga. 

WC Skitour 2020

Sjur Røthe slo til og vann opningsdistansen under den spanande touren som avsluttar i Trondheim neste helg. I fortsettinga har Sjur vore med i toppen, så me gledar oss til å følge med på  den spanande touren med Sjur i ein av hovudrollene!  Følg med på fis-ski.com.

Norges cup Gålå

Under Norgescupen på Gålå for seniorarar var det fleire som gjorde sakene sine bra. Best av alle gjorde Karoline Simpson Larsen, frå Vargar IL ,det. Ho slo til med 4. plass på laurdagens 10 friteknikk og beste løpar i U-23 klassen. Søndagen vart det eit steg opp med 3. plass på 15 km klassisk.  Med desse resultata så vart det eit gledeleg uttak når troppen til U-23 VM vart presentert. For her var  Vargarjenta med. Skikretsen gratulerer og gledar seg til å følge Karoline i meisterskapet i Oberwiesental. Uttak NSF U-23 VM. Lagveninne på Team Veidekke Vest og Bulkenløpar Eivor Vestrheim Skjerven gjorde to solide løp med 30. plass på 10 km friteknikk og 20. plass på søndagens 15 km klassisk. 

Ei glad Karoline etter laurdagens 4. plass og beste U-23 løpar. Team Veidekke Vest løparen har gjort sine saker imponerande bra i år. 

Gaute Kvåle frå Røldal Il gjorde også gode renn med 7. plass på laurdagens 15 km friteknikk og 22. plass på 30 km klassisk på søndagen. Her fulgte Vebjørn Turtveit Voss IL opp med 23. plass og Kristian Skjeldal frå Bulken IL vart her nummer 50. Begge desse løparane har gjort det betre før i sesongen, men me satsar på at dei kjem sterkare tilbake utover i sesongen. 

Norgescup junior Holmenkollen 

I Holmenkollen var det juniorane som var i aksjon. Her vart Norgescup nummer 4, 5 og 6 arrangert. Skikretsen stilte med mange løparar og det var mange som verkeleg imponerte under dei tøffe konkurransane. 

Andrine Østervold, Fana IL, frå Austevoll og NTG Geilo imponerte i J17 år. Under fredagens 5 km klassisk, slo ho til med 3. plass. Under søndagens 10 km friteknikk vart det 12. plass. I same klassen gjorde Ingrid Brattabø, Osterøy IL, det også veldig bra. På 5 km klassisk vart det ein flott 15. plass til osterøyingen. Tiril Vestrheim Skjerven, Bulken IL i jenter 18 år, vart nummer 24. på 10 km friteknikk medan Maria Hydle vart nummer 31. på same klasse og distanse. Same Maria gjorde det betre på sprinten med ein fin 18. plass. 


Andrine til høgre på pallen under premieutdelinga for 5 km klassisk, der det vart ein finfin 3. plass. 

Blant gutane var det fleire som leverte topplasseringar. Bård Olav Steinsland Medhus, Røldal IL, slo til med 2. plass på 15 km friteknikk og 13. på 10 km klassisk. Simen Lilleås Engevik leverte 4. plass på laurdagens sprint og vart nummer 6. på 15 km friteknikk. Daniel Dukstad, Voss IL, har levert jamnt over topp resultat i år og vart nummer 7 på 10 km klassisk og fekk 10. plass på 15 km friteknikk. Torjus Klette, Ørnar IL, leverte topp resultat med 9. plass på sprinten og 11. plass på 15 km friteknikk. Eskil Flisram Tveiten, Voss IL,  gjorde eit flott løp under 10 km klassisk med 25. plass. 


Dei 4 glade gutane i 18-års klassen som imponerte på 15 km friteknikk. Frå venstre: Torjus Klette 11. plass, Daniel Dukstad 10. plass, Bård Olav Steinsland Medhus 2. plass  og Simen Lilleås Engevik 6. plass. 

Sjå resultata til fleire hordalandsløparar i både Norges cup junior og senior.

Neste gang er det NM junior på Beitostølen og me gledar oss til fortsettinga!

NIF-EPI01, 01