Hopp til innhold

Det var ein god gjeng frå hordaland skikrets som tok turen til Nybygda for årets hovudlandsrenn.

Kjekke skiungdomar på hovudlandsrennet

Løparane som stilte for hordaland skikrets under hovudlandsrennet på Nybygda hadde ein kjekk tur. Fort gjekk dei og!

Det var over 30 deltakarar frå hordaland under hovudlandsrennet i langrenn som gjekk over 3 dagar. Konkurransane bestod av individuell klassisk distanse, sprint i friteknikk og avsluttande stafett. 

Det var tøff konkurranse når landets beste 15 - og 16 åringar stilte til start desse dagane. Det var over 900 deltakarar til saman i dei 4 klassane, slik at antalet deltakarar var opp mot 300 i enkelte klassar. Våre skiløparar imponerte i konkurranse med dei beste frå dei andre skikretsane og fleire gjorde sine beste renn under akkurat hovudlandsrenna. 

Sjå resultat frå både dei individuelle distansane og stafetten under. 

Resultat hovudlandsrennet langrenn 2020

NIF-EPI03, 03