Hopp til innhold

Nokre av våre som var på hovudlandsrennet i Oppdal i fjor.

Hovudlandsrennet til Geilo

Årets hovudlandsrenn vert arrangert på Geilo/Ål frå 31. mars - 5. april. Hordaland skikrets har reservert overnatting og lagar til fellesopplegg rundt det sportslege.

Skikretsen har førehandsbestilt felles overnatting for dei som treng og oppfølging i samband med årets hovudlandsrenn. I tillegg vil skikretsen legge til rette for ein precamp på Geilo 20. - 22. mars. 

Hovudlandsrennet Geilo/Ål 31. - 5. april 2020

Me har reservert overnatting på 8 sengs hytte på Bardøla. Den er tilgjengeleg frå mandag 30. mars. Hytta tek 8 personar og kostar frå 1600 til 1800 per person for perioden. Det er sjølvhushald på hytta, men også muleg å organisere måltid gjennom Bardøla høgfjellshotell.  Meld dykk på skikretsen si overnatting på linken under. Frist 25. februar. 

Me har i år fine vestar til alle deltakarane. Dei er litt isolerte og har Hordaland skikrets logo på ryggen. Dei vert fakturert i lag med overnatting og fellesopplegget med ein eigenandel på 100,- for deltakarane. Marker størrelsen på vesten under påmelding til overnatting. Dei har størrelsar for menn og kvinner og er nok mest aktuelle i str s, sidan det er den minste størrelsen. 

Link til heimeside for arrangementet for og påmelding til sjølve renna. Påmeldingsfrist 13. mars. 

PRECAMP GEILO 20. - 22. MARS

I samband med telenorleikene og hovudlandsrenn har skikretsen planlagt ein precamp på Geilo med  skidagar på fredag, laurdag og søndag. Trenerkostnadane vert fordelt med 150,- per dag for deltakarane. Kryss av på påmeldingsskjemaet om de er interessert i precamp og ev også treng overnatting der. 

Påmelding hsk fellesopplegg/overnatting/precamp 30. - 5. april  

NIF-EPI01, 01