Hopp til innhold

Vossaløparar i Norgestoppen

Det vart ei strålande helg for Sjur Røthe, Vebjørn Turtveit og Karoline Simpson-Larsen under Norgescupen i langrenn på Lillehammer i helga.

Ei strålande helg for fleire av våre langrennsløparar som gjekk Norgescup langrenn på Sjusjøen. 

Landslagsløpar Sjur Røthe (Voss IL) viste seg fram på 15 km klassisk med med ein solid 2. plass. Klubbkamerat Vebjørn Turtveit fulgte opp, og slo tilbake etter ein litt skuffande sesongstart med ein super 4. plass. 

Karoline Simpson-Larsen (Vargar IL) er i superslag og klinka til med 3. plass på laurdagens 10 km friteknikk. Søndagen vart fulgt opp med ein solid 7. plass på søndagens 10 km klassisk. Denne rennhelga bekreftar Karoline sitt nasjonale gjennombrot, og det er difor noko å glede seg til at ho også får prøvd seg også i Verdscupen i nær framtid. 

Sjå resultat frå helgas Norgescup renn på Sjusjøen, med fleire løparar frå Hordaland Skikrets

Her ser me Vebjørn hakk i hel på Johannes Høsflot Klæbo, under laurdagens 15 km friteknikk. Det rennet var ikkje topp, men søndagens klassiskrenn var fantastisk. 

NIF-EPI02, 02