Hopp til innhold

Renninformasjon langrenn Hordaland Skikrets

For rennsesongen 2020-2021 vert våre langrennskonkurransar annleis for deltakarane, føresatte og støtteapparat enn ein er vane med. Dette for å kunne ivareta smittevern under våre arrangement.

For arrangørar må det for sesongen planleggast langrennskonkurransar som sikrar smittevernshensyn. Dette gjer at deltakarar med føresatte og støtteapparat får eit ekstra ansvar for å følge opp arrangørane sine pålagde tiltak under våre kretsrenn. I tillegg til å følgje opp det personlege ansvaret for godt smittevern (avstand, hyppig handvask, ikkje delta verken som utøvar eller støtteapparat ved sjukdom eller symptom på sjukdom), så fylgjer nokre vesentlege punkter som gjeld alle besøkande og deltakande på våre kretsrenn. 

Presiseringar for Hordaland skikrets – langrenn 2020-2021

  • Kun online førehandspåmelding og frist mandag 23.59 før rennhelg.
  • Føresatte og støtteapparat må komande vinter melde seg på arrangementet i likskap med deltakarane, som til dømes under klassen "Støtteapparat" – kohort 1 eller 2. Dette for å følge krava til smittesporing. Arrangøren står fritt til å organisere anna smittesporings-registrering, noko som i tilfelle vert opplyst på arrangementets heimeside.  
  • Kun 1 føresatt/støtteapparat per løpar kan melde seg på. Me ser helst at klubbane organsierer kven som vert med på dei ulike arrangementa og kohortane i forkant. Skikretsen ynskjer at deltakarane får god oppfylging, men at ein prøver å begrense kor mange som vert med av føresatte og støtteapparat frå kvar klubb. 
  • Me deler kretsrenna inn i 2 kohortar for gjennomføring på maks 200 personar per kohort (dette inkluderer både utøvarar, føresatte, støtteapparat og tilskodarar). Arrangøren deler inn kohortar etter aldersklassar og starttidspunkt for desse. 
  • Kohortinndeling vert gjennomført slik at dei eldste utøvarane er i ein kohort. Til dømes kan dette vere aldersgruppa 15 år - senior, medan andre kohort då vil vere 8 år - 14 år. 
  • Starttidspunkt: Dette vil vere individuelt frå arrangement til arrangement. Ein kan forvente eit ca starttidspunkt på kohort 1: kl 11.00 og kohort 2: kl 14.00.
  • Ankomst og avreise: I samband med kohortinndeling, så er kravet at kohortar skal vere heilt adskilt. Det gjer at ein må vere disiplinert  på planlegging av ankomst og avreise for å sikre at arrangøren kan ta i mot ein ny kohort utan at ein får overlappande kohortar med deltakarar, føresatte og støtteapparat inn i kvarandre. Det praktiske rundt parkering og ankomst/avreise vert opplyst på arrangementets invitasjon og nettside. 
  • Hordaland skikrets – langrenn inviterer kun deltakarar frå klubbar i Hordaland ut året 2020.

For meir informasjon om smittevernshensyn, sjekk vår koronavegleiar. 

Arrangementsinformasjon

Terminliste med kretscup for Hordaland.

Nytt tilbod  med SørVest Cup for skikretsane Hordaland, Sogn og fjordane og Agder og Rogaland. 

NIF-EPI02, 02