Hopp til innhold

Anna Bryn Mørkeset i Noregstoppen

Anna Bryn Mørkeset skrir inn i julehøgtida med NM gull i slalåm for senior, NM sølv i storslalåm for senior og to sigrar i FIS storslalåm. Med desse resultata har Vossingen verkeleg fått ein pangstart på sesongen.

Det er imponerande resultat Vossalpinisten har starta sesongen med. Med ein utruleg stabilitet har  ho beherska renna i både slalåm og storslalåm. Fasiten etter NM startane i førre veke vart gull og sølv.  

FIS Rennkalenderen fortsatte med to nye renn i slalåm der ho likeså godt vann begge. Etterfulgt av solide 4. og 5. plassar i FIS storslalåm. 

Med slike resultat viser 19 åringen att satsinga mot toppen ber frukter og att me nok får stor glede av å følgje den hardsatsande alpinisten framover. 

Les meir om renna i Avisa- Hordaland.

Hordaland skikrets gratulerer og ynskjer lykke til med fortsettjinga i den spanande sesongen i vente!

NIF-EPI02, 02