Hopp til innhold

Bilete frå Tunåsen. Her vert det både kretsrenn og KM til vinteren.

Hopp og kombinert klare for sesongstart

Før sesongen startar har hopp- og kombinertmiljøet løfta anleggsstandarden rundt i hordaland, og gjort anlegga klare for nye rekruttar. Link til terminlista.

Terminliste hopp og kombinert 2020 - 21

Sidan i fjor ligg det nå klart nye rekruttbakkar på Sjusete og Gullbotn. Framnesbakkane har fått ei oppgradering i lag med fylkesanlegget Bavallen, som er klar til innrykk av deltakarar på Norgescup i hopp i februar. Det er i tillegg bygd nye stadion - og utstyrshus på både Framnes og Gullbotn. 

Sjå utklypt avisartikkel om ei av eldsjelene Magne Sørestrand, med dyktige elevar i arbeidsstokken på Framnes (frå Avisa Hordaland). 

På Gullbotn er det kome både nye småbakkar og eit skikkeleg stadionhus med "Kongetribune".

På Sjusete ligg det flotte nye rekruttbakkar og ventar på snøen!

NIF-EPI03, 03