Hopp til innhold

Foto NTB Langrennslandslaget facebook

Gjennombrot for Karoline Simpson-Larsen på Beitostølen

Sjur Røthe høyrer heime i toppen, Karoline Simpson-Larsen slår igjennom, Team Elon Vest med fire frå Hordaland imponerer. Kjekk helg på Beitostølen.

Det vart ei flott helg for løparane frå Hordaland som sesongdebuterte på Beitostølen i helga. Forutan Sjur Røthe, som nok ein gong viser at han er i godt slag føre Verdscup-starten neste helg, med sin 3. plass på søndagens 15 km friteknikk, så viser Team Elon Vest med 4 hordalandsløparar seg i toppen på resultatlista. 

Karoline Simpson-Larsen (Vargar IL) etablerte seg i helga i Norgestoppen på distanserenn med sin 7. plass på laurdagens 10 km klassisk og 4. plass på søndagens 10 km friteknikk. Med slike renn vert nok Vargar-løparen vurdert til å gå internasjonalt for Norge framover og har som sagt gjeve Karoline eit definitivt gjenombrot. 
Karoline har fått sine flotte framgangar på regionlaget Team Elon Vest. Laget gjorde det strålande i helga med mange topplasseringar, og blant desse også 2 andre hordalandsløparar. Gaute Kvåle frå Røldal IL viser at han høyrer heime i toppen med sin 12. plass på  søndagens 15 km friteknikk, og Vebjørn Turtveit frå Voss IL, viser at formen ikkje er langt unna med sin 16. plass i same renn. 

Gaute Kvåle til venstre og Vebjørn Turtveit til høgre, står med lagkameraten Jon Rolf Skamo Hope, som slo til med to 4. plassar i helga. Eit godt lag, og me gledar oss til fortsetjinga. 

Bak desse gjorde Kristian Skjeldal frå Bulken IL gode renn med ein fin 35. plass på laurdagens 15 km klassisk og 44. plass på søndagens 15 km friteknikk. 

Sjå resultater frå helgas sesongopning på Beitostølen.

NIF-EPI02, 02