Hopp til innhold

Rekrutteringskveld i Kvam

Velkomne til rekrutteringskveld på Sjusete i Kvam onsdag 21. oktober. Me tilbyr treningsøkt for regionens rekruttar og fagkveld med tema rekruttering og anlegg.

Velkomne til ein kjekk kveld i Odda. Me inviterer alle klubbane i nærområdet til å vere med på både trening og fagleg innhald for klubbens friviljuge. 

Bakgrunn: Styret i hordaland skikrets ynskjer å setje fokus på rekruttering til alle skigreinene og me har difor lyst å besøke alle klubbane som driv med skiaktivitet i hordaland. Det gjer me i naturlege soner, og fyrst ut er Odda og hardanger!

Me inviterer klubbane i hardanger onsdag 21. oktober 1730 - 2030. 

Program onsdag 21. oktober

For dei som skal vere med på økta på Sjusete, så organsierer de dette internt i klubbane og melder i frå til Frode Måkestad i Kvam LSK på mail: frodema@hotmail.com    

For dei som skal vere med på fagdelen, så melder de dykk på via påmeldingslinken under. Me ynskjer særleg velkomne: 
Klubbleiarar
Trenarar
Foreldre
Prepareringsmannskap
Anleggsansvarlige
Tidlegare aktive utøvarar

PÅMELDING REKRUTTERINGSKVELD ODDA 20. OKT

Målet med kvelden og prosjektet: 

-          Bli kjende med klubbane og dei friviljuge som driv dei

-          Kunne forstå kva arbeid skikretsen kan bidra med for å hjelpa klubbane til å auka rekrutteringa.

-          Hjelpa til at klubbane sine mål vert fylgt opp med dei nødvendige bidraga frå skikretsen som er ynskjeleg for dette.

-          Tilby aktivitet under besøka for å Inspirere med tips til aktivitet gjennom form og innhald.  

-          Bidra til auka kunnskap rundt skianlegg/treningsområde.  Mål er å bidra til at anlegga er godt tilrettelagt høg aktivitet. Forslag til utnytting av eksisterande anlegg/område for aktiviteten og også sjå på korleis ein kan utvikla eksisterande anlegg til gode basisanlegg.

NIF-EPI01, 01