Hopp til innhold

Viljar og Ørnar gledar seg til helga

Forholda på Voss ski og tursenter ser lovande ut for laurdagens Viljarsprint og søndagens Ørnarstafett. Hugs å meld dykk på!

Etter nokre krevande dagar med svært varierande vertilhøve, ser det nå ut til at det ligg godt til rette for skiføre føre helgas to kjekke kretsrenn. 

IL Viljar ynskjer velkomne til langrennssprint på laurdag. Påmelding og informasjon om arrangementet finn de her!

IL Ørnar arrangerer lagsstafettar på søndagen. Skulle det verte verendringar og dårlege tilhøve på Voss ski og tursenter, så vil stafettane gå i Årmotslia. Det vil i tilfelle informerast om på laurdag. For påmelding og informasjon sjekk her!

NB! Hugs påmeldingsfristen onsdag kveld for Viljarsprinten og torsdag kveld for Ørnarstafetten. 

NIF-EPI02, 02