Hopp til innhold

Oppdatering rundt terminliste langrenn

Informasjon om Røldalsrennet, Kvam langrennskross, flytting av rennhelgar og kretsmeisterskapet.

Røldal idrettslag ynskjer velkomne til laurdagens Røldalsrenn. Det vert avvikla på Korlevoll og startar kl 13. Påmeldingsfristen er torsdag 16. januar. Link til arrangementet og påmelding røldalsrennet

Søndagens Langrennskross i Kvam er avlyst grunna manglande snø. Me kjem tilbake med informasjon om dette vert satt opp seinare i sesongen. 

Neste helgs KM er beslutta flytta til Voss ski og tursenter. Det betyr at både KM Vikingrennet og KM Fanarennet vert arrangert der. 

Terminlista er endra mtp. Tour de Hardanger, som går 7. - 8. mars i staden for 15. - 16. mars. Samstundes er Herresåsen rundt flytta til søndag 29. mars i staden for søndag 8. mars.

Sjå oppdatert terminliste 2019 - 20 langrenn hordaland skikrets

nif-epi04, 04