Hopp til innhold

Hopprenn i Framnesbakken

Eldar il hadde fine tilhøve under det første hopprennet sundag. Lite snø , men ver og preparering av bakkane var veldig bra

Rekruttrennet i bakkane frå 5 m, 10 og 17 m var eit lågterskeltilbod. Kom og hopp i kva bakke du vil og bruk kva ski du ynskjer. Dermed var det blide, smilande rekruttar som hoppa både på langrenn, turski, slalom og hoppski. Dårleg snøvinter og lite trening la ikkje dempar på innsatsen.

Nå håpar hopp og kombinertgjengen på at det kjem snø, slik at ein kan nytte fleire plassar som kan lokka til meir hopping og kombikross.  Arrangøren melder at det var flest deltakarar frå Bulken , men og frå Voss og Vik Il.  Det tydar på at det har vore kjekt, når alle ville koma att på neste renn!

NIF-EPI01, 01