Hopp til innhold

IL Korlevoll - Odda har lagt ned eit viktig arbeid ved stadion for allsidig skileik.

Basisanlegg på Korlevoll

Eit flott skileikområde tek meir og meir form på Korlevoll. Onsdag fekk barna prøve området med ulike element og løyper. Det var stor stas.

Gjennom hausten har IL Korlevoll - Odda rydda skiområdet for skog og satt opp lys for å legge til rette for det allsidige skileikområdet, som nå tek form ved langrennsstadion. Dette har vore ei vikitig prioritering for at det flotte skianlegget kan tilby løyper til skiglede for store og små.

il Korlevoll - Odda veit å ta vare på sine besøkande med flott lunsj, før arbeidet med basisanlegget starta. 

Erik Aas Andersen, som arbeider i skiforbundet, bidrog med sin kompetanse om basisanlegg og utforming av anlegg.  For klubben var det nyttige idear og innspel om utforming av området med bruk av preppareringsmaskin. 

Onsdagen vart avslutta med ein kjekk skikveld for dei frammøtte ungane, som kom i frå Odda ,Røldal og Kvinnherad.
 

Hardangerstiftinga har bidratt til å utvikle fleire basisanlegg i hardanger og Voss med økonomisk støtte. Korlevoll er ein av desse.  Hopp kombinert komiteen i hordaland har leia dette arbeidet. Dei har både besøkt anlegga og fulgt opp med ideskisser og kostnadsoverslag.

nif-epi04, 04