Hopp til innhold

Bilde fra Sesilåmi facebookside

Sesilåmi 2024 - avlyst

Stiftelsen Sesilåmi har besluttet av Sesilåmi 2024 avlyses. Det kan også skje at rennet nedlegges,

Pressemelding fra Sesilåmi:

Styret i Stiftinga Sesilåmi har den 22.02.2024 vedtatt å avlyse Sesilåmi for 2024.

Det er pr. dato 205 påmeldte deltakarar. Dette vurderer styret å vere for lite for å gjennomføre rennet på ein økonomisk og praktisk forsvarleg måte.

Det er fleire faktorar over fleire år som har ført til dette utfallet.
 
• Meir ustabile værforhold har ført til fleire avlysingar.
• Rennet har og blitt stansa av vernemyndigheitane i Setesdal Vesthei på grunn av villreinproblematikk.
• Prosessen med forslag om nye tiltaksplanar for villreinområda har og skapt stor usikkerheit.
• Rennet har og ein krevjande logistikk for løparane med lang transportavstand mellom start og mål.
 
Alt dette har nok ført til stor tvil om rennet kan gjennomførast. Dette påverkar planane til løparane og fører til mindre deltaking.
Me beklager dette sterkt for dei løparane som har hatt Sesilåmi som eit mål !
Dei påmeldte løparane vil få startkontingenten refundert og enkelte bidragsytarar vil få refusjon.
På denne bakgrunn ser ein heller ikkje at det er grunnlag for å arrangere dette rennet i framtida.
Takk til sponsorar, samarbeidspartnerar og dugnadsfolk som har gjord dette mogeleg alle desse åra!
 

Sesilåmi er organisert som ei stifting , Stiftinga Sesilåmi. Styret vil starte ein prosess i samarbeid med stiftarane Bygland IL, Valle IL, Sirdal Skilag og Tonstad IL med tanke på å oppløyse stiftinga i samsvar med vedtektene.

Se også "Gode minner" fra NRK

nif-epi04, 04