Hopp til innhold

Jesper Saltvik Pedersen, Bragdprisvinner 2021

Får Rogaland fylkeskommunes Bragdpris

– Tusen takk, det er ei ære og utruleg kult å få Bragdprisen, seier Bragdprisvinnar Jesper Saltvik Pedersen i ein videohelsing frå Austerrike der han sist veke opna verdenscup-sesongen med to strake sigrar i super-G i Steinach am Brenner.

22. desember kjem han heim på juleferie.

– Det har vore eit litt vanskeleg år, med pappa som døydde i november 2020 og med koronapandemien som har gjort skisesongen ganske vanskeleg å planlegge. Men vi har klart å konsentrera oss om det vi kan gjere noko med, og vi har klart å få gode resultater, seier Saltvik Pedersen.

Ambisjonar for VM og OL

Vinterens store mål er VM i januar og OL i mars.
– Inn mot denne sesongen har vi trent hardare enn nokon gong før. Dette blir første sesongen med to meisterskap i samme sesong, både VM på Hafjell i januar og paraolympics i Beijing i mars. Det blir en utruleg travel sesong egentlig, så dei 50 000 kronene som eg får for Bragdprisen kjem utruleg godt med for å optimalisere alt inn mot mesterskapa, seier Jesper.

Fylkeskommunens Bragdpris er ein honnør til ein person som har gjort ein særleg innsats innan eit samfunnsområde. Prisvinnaren må ha markert seg ut over det vanlege nasjonalt og/eller internasjonalt i sitt arbeid.

Lam frå livet og ned

Då Jesper Saltvik Pedersen var to år gamal, tok foreldra han med i ein alpinbakke. Det var ei livsformande hending for prisvinnaren. I dag bur han i Oslo – når han då ikkje er ute i verda og trenar og konkurrerer. Han er tilknytt Olympiatoppen i Oslo og trenar 900 timar i året. Jesper representerer Plogen Skiklubb i Haugesund, er inne i sitt tredje år som student i Oslo. Han studerer statsvitenskap, og har snart en bachelor. 

Karmøy er ein plass med lite snø og få fjelltoppar. Som Jesper sjølv har sagt: «Det høyrest litt spesielt ut at ein åkrabu er i verdstoppen i alpint». Mangel på snø i nærområdet kan nok styre mange vekk frå ein karriere i skisporten. Prisvinnaren vart i tillegg fødd med ryggmergsbrokk, og er lam frå livet og ned.

Eit særs positivt forbilde

Men verken snømangel eller funksjonsnedsettinga har hindra han i å nå heilt til topps innan idretten sin. Han har gull og bronse frå Paralympics i 2018, fire sølv- og bronsemedaljar frå VM, og han er den fyrste og einaste norske alpinisten som har vunne verdscupen fire år på rad. Han har fått fleire stipend og prisar, og er mellom anna blitt kåra til årets mannlege parautøvar under Idrettsgallaen i 2019 og han har fått kulturstipend frå Rogaland fylkeskommune. Nyleg fikk han også Karmøy kommunes sin kulturpris.

– Ein person med eit slikt pågangsmot, ein slik stå-på-vilje og ei slik positiv livshaldning som det Jesper Saltvik Pedersen har, er eit særs positivt førebilete, ikkje berre for andre parautøvarar og idrettsutøvarar elles, men for alle som har draumar og ambisjonar i livet. Jesper er no i full gang med oppkøyringa til nemnde VM i Lillehammer i januar og Paralympics i Beijing i februar. Der tar han sikte gull, og me ynskjer han all muleg hell og lukke med det, sa fylkesordfører Marianne Chesak i sin gratulasjonstale til årets Bragdprisvinnar.

Ostestunt blir pengepremie

Og så må me innom osten. Somme hugsar sikkert oste-stuntet som hamna i media sist vinter? Jesper Saltvik Pedersen hadde vunne eit verdscuprenn, og der funksjonsfriske utøvarar i slike tilfelle får ein halv million i pengepremie, fekk han ein femkilos raclette-ost. For å kaste lys over denne skeivfordelinga, la Jesper osten ut for sal til høgstbydande, og enda opp med å selje han for 50 000 kroner.

– I fjor så hadde me ei greie med ein premieost. For i paraalpint er det ikkje premiepengar foreløpig. Vi la osten eg vann i Sveits ut for salg. Den fekk bein å gå på, og det har gjort at i kommande VM i Hafjell denne sesongen blir det premiepenger for første gong. Det er kult å sjå at ein kan bidra til endringar, og vi håper at det kan fortsette sånn, fortel Bragdprisvinnar Jesper Saltvik Pedersen.

Om Bragdprisen

Bragdprisen er ein honnør til ein person som har utført ein særskilt innsats innanfor eit hvilket som helst samfunnsområde.  Prisen delas ut av fylkestinget og fristen for å nominere kandidater er 1. november hvert år. Prisen består av ein statuett av Kristoff Nasilowski og 50 000 kroner.

NIF-EPI01, 01
NTBScanpix