Hopp til innhold

SSF Krinsrenn Langeland

Førde IL og Gaular IL inviterar til SSF sprint- og distanserenn ved Langeland skisenter søndag 7. januar 2024. Resultatservice.

Ein fantastisk dag på Langeland! Mange tette duellar i ei rask sprintløype og heat med opprykk/nedrykk for aldersklassane 16 år og yngre. Juniorane gjekk noko utradisjonelt 10km/15km for å kunne førebu seg på dei lange distansane dei møter på Norges Cup jr. Lygna om 14 dagar. Det er svært sjeldan vi gjennomfører krinsrenn med så lange distansar for junior, men dette er god trening for det utøvarane møter i nasjonale renn og meisterskap. 

Resultatlister

Sprint prolog Sprint finalar

Distanse friteknikk

------------------------------------------------------------------

Frå tidlegare: 

Søndag 7. januar 2024 er det klart for krinsrenn på Langeland skisenter. 

For klassane 11-16 år blir det sprint friteknikk, og for junior- og seniorklasse blir det distanserenn friteknikk. Sjå innbyding for nærare informasjon om distansar. 

Påmelding SSF Krinsrenn Langeland  Innbyding SSF sprint og distanserenn - Langeland

Frist for påmelding er fredag 5. januar kl. 23:55. 

NIF-EPI03, 03