Hopp til innhold

Foto: Roger Pollen

Miljøsamling på Sandane

Superdag på Sandane i Sogn og Fjordane med skiglede med over 30 born og unge deltok på ei kjekk miljøsamling i romjula.

Med flott vintervær og gode skitilhøve låg alt til rette for ei kjekk miljøsamling for dei om lag 30 påmeldte til miljøsamling på Sandane onsdag 27. desember.

Dagen starta med skileik i nærmiljøanlegget "Myra" som ligg rett ved eit byggefelt i Sandane sentrum. Etter skiøkt var det velfortent pizza til alle. I lunsjen fekk utøvarane også eit inspirasjonsforedrag frå hovudtrenar og utøvarar på Sogn og Fjordane sitt krinslag i langrenn. Når lunsjen var innteke bar det inn i gymshallen for ei basis "styrkeøkt" før dagen vart avslutta med bading i Trivselshallen. 

Som instruktørar stilte utøvarar frå Sogn og Fjordane sitt krinslag i langrenn. Desse la til rette for morosam og variert aktivitet heile dagen. 

Kort oppsummert vart dette ein superdag for alle deltakarane! Takk til alle som ville vere med på denne romjulsdagen på Sandane. 

 

------------------------------------------------------------

Frå tidlegare: 

Onsdag 27. desember er det klart for ein kjekk treningsdag for alle på Sandane! Det blir lagt opp til aktivitet på snø, basistrening inne, og bading i trivselsbadet.

Sogn og Fjordane Skikrins i samarbeid med Fjordium, Fjellhug Vereide IL, og Trivseslhagen Bad og Idrett ønskjer velkomen til miljøsamling 27. desember 2023!

Stad: Kleivane Skisenter og Trivselshagen, Sandane

Tidspunkt: Onsdag 27. desember kl. 10:00-17:00

For kven: Alle utøvarar i alderen 8-16 år 

Pris: Gratis

Påmelding via skjema: https://forms.office.com/e/05G5FLgpzE

Frist for påmelding: Laurdag 23. desember kl. 23:59

Invitasjon MIljøsamling Sandane

NIF-EPI03, 03