Hopp til innhold

Freeskisamling Hodlekve

Det vart ei vellukka freeskisamling i Hodlekve. To dagar med mykje skikøyring, barmarkstrening og pizza på kvelden, samt latter og smil blant alle deltakarane var samlinga kort oppsummert. Veldig kjekt å møtast på tvers av klubbgrensene!

Nokre bileter frå ei kjekk freeskisamling i Hodlekve: 

          

           

 

 

-------------------------

Frå tidlegare: 

Sogn og Fjordane Skikrins inviterer til Freeskisamling i Hodlekve 27. og 28. januar 2024!

Freeskisamling for alle utøvarar i alderen 8-16 år som er knytt til klubb i Sogn og Fjordane Skikrins. 

Stad: Sogndal, Hodlekve Skisenter 
Tidspunkt: Laurdag 27.- og søndag 28. januar 2024
For kven: Utøvarar i alderen 8-16 år
Program: Frammøte laurdag 27. januar om lag kl. 10:00. Laurdag blir det to skiøkter i Hodlekve på dagen, og middag (pizza) og barmarkøkt på Trudvang skule på kvelden. Søndag blir det to skiøkter i Hodlekve.  Avslutning søndag 28. januar om lag kl. 17:00.   
Detaljert program vert sendt til påmeldte deltakarar når det nærmar   seg. 

Pris utøvar m/ overnatting: Kr. 750,-
Pris utøvar u/ overnatting: kr. 500,-
Pris foresatt m/overnatting: kr. 450,-
Heiskort er ikkje inkludert  

Meir informasjon og påmelding til samlinga via iSonen: 

Påmelding freeskisamling Hodlekve

NIF-EPI02, 02