Hopp til innhold

Samling

Telemarksamling på Haukelifjell

Like sikkert som at jolenissen kjem til joleftan så har Telemark telemarksamling i adventstida.

I år var samlinga på Haukelifjell skisenter som stilte med fantastisk vintervær, flotte skiløyper og god service. Meir enn 60 unge og eldre telemarkkøyrarar frå klubbane Fjellguten, Skarphedin og Morgedal var samla.

Med instruksjon frå gode instruktørar vart det både perfekte telemarksvingar, luftige opptrekkerar og solide telemarknedslag i bakkane på Haukelifjell.

Hengaren «Telemarknedslaget» som er full av telemarkutstyr og som har gratis utlån, var flittig i bruk av andre gjester på Haukelifjell denne helga. Neste sjanse til å møte «Telemarknedslaget» og denne glade telemarkgjengen er fyrste helga i januar 2018. 6-7. januar skal klubbane Skarphedin og Morgedal arrangere noregsmeisterskap i telemarkkøyring for junior og senior. I tillegg blir det hovudlandsrenn for dei aldersbestemte klassene og rekruttrenn for dei yngste.

Våre lokale utøvarar har målsetning om topplasseringar når landets beste telemarkkøyrarar skal konkurrere om NM-medaljar i parallell og klassisk sprint på Haukeli. Har du lyst til å teste telemarkutstyr er du hjartleg velkomen til Haukelifjell denne helga. «Telemarknedslaget» er på plass og stiller med gratis utlån.

NIF-EPI03, 03
NSF