Sognefjellet Sommarskiskule 2026
Sogn og Fjordane skikrins inviterer til 3 dagar med ski på sommarsnø på Sognefjellet. Tilbodet er for born og unge i alderen 11 til 16 år, og skiskulen er for ALLE utan krav til skiferdigheiter.
Sogn og fjordane skikrins ønskjer gledeleg velkomen til sognefjellet sommarskiskule 2026
- Sommarskiskulen går over fem dagar, 21.-25. juni (sundag-torsdag) på Sognefjellet og i Skjolden.
- Sommarskiskulen er for open for alle født f.o.m. 2016-2011.
- Det blir lagt opp til skiøkter ved Sognefjellet Sommarskisenter tre av dagane i lag med kvalifiserte trenarar, og elles anna kjekk aktivitet og trening i Skjolden.
Oppmøte/avreise:
Oppmøte sundag 21. juni ved Fjordstova i Skjolden om lag kl. 18:00.
Sommarskiskulen er ferdig torsdag 25. juni om lag kl. 17:00 ved Fjordstova i Skjolden.
Innkvartering:
Alle deltakarane vert innkvartert ved Fjordstova.
Her blir det overnatting på flatseng, alle må ha med madrass/liggeunderlag, sengetøy og handdukar. På Fjordstova er det basseng, klatrevegg, fotballbane og sandvolleyballbane.
I samband med innkvarteringa vil det vere tilstades kvalifiserte vaksne heile døgnet.
Måltider:
4 måltider inngår i Sommarskiskulen kvar dag (frukost, lunsj, middag og kveldsmat).
Rammeprogram for Sognefjellet sommarskiskule 21.- 25. juni 2026:

Detaljert program vert sendt til påmeldte deltakarar i framkant av skiskulen.
Deltakaravgift:
Kr. 4 500,-
(inkluderar 4 daglege måltider og alle aktivitetar, transport t/r Sognefjellet, lommepengar er kun nødvendig til evt. kioskvarer).
For familiar med fleire enn to deltakarar blir det halv deltakaravgift frå nr. 3.
Påmelde deltakarar vert tilsendt detaljert informasjon etter påmeldingsfristen og faktura for deltakaravgift.
Påmelding:
Påmelding gjer ein i lenka, innan tysdag 26. mai kl. 12:00;
Påmelding Sognefjellet Sommarskiskule 2026
Informasjon om Sognefjellet Sommarskisenter.
Bileter frå sommarskiskule 2024:
Kontaktinformasjon
Melanie Hetkamp-Andersen, dagleg leiar Sogn og Fjordane Skikrins
Tlf. nr: 469 10 456
E-post: Melanie.Hetkamp-Andersen@Skiforbundet.no
Velkommen til Sognefjellet og Skjolden!