Hopp til innhold

Nyhetsarkiv

Aktuelt

SSF KM Klassisk utsett

Rådande forhold gjer at det ikkje er forsvarleg å avvikle KM etter den opprinnelege planen søndag 30. desember på Langeland, og SSF KM Klassisk blir utsett til den ordinære KM-helga i januar.

Julerennet avlyst

Utfordrande vèr og føreforhold gjer at alpingruppa i Jølster IL må avlyse årets Julerenn i alpint. Arrangementet skulle opphaveleg avviklast laurdag 29. desember.

Ribberennet 2018 avlyst

Det tradisjonsrike Ribberennet som opphaveleg skulle avviklast på Langeland fredag 28. desember er avlyst.

Telenorleikane 2019

29.-31. mars 2019 vert Telenorleikane arrangert i Sauda. Informasjon om skikrinsen sitt fellesopplegg er oppdatert 23/12-2018.

God jul og godt nytt år!

Skikrinsen ynskjer alle våre klubbar, tillitsvalte, utøvarar, støtteapparat og samarbeidspartnarar ei riktig god jul og eit godt nytt år med mykje god skiaktivitet.

Tok juleferie på topp

Andrine Englund Mårstøl vann fredag sitt 8. FIS-renn for sesongen, då førjulsesongen vart avslutta på Ål med slalåm.

Endring SSF KM Førde IL

I samråd med arrangør Førde IL vert SSF KM søndag 30. desember endra til klassisk. Dette pga. marginale snøtilhøve og dermed rådande forhold i løypenettet på Langeland.

Vann Junior NM U21

Andrine Englund Mårstøl vann tysdag eit nytt FIS-renn og vart samtidig norsk meister i Junior NM for U21.

Ribberennet 2018

Fredag 28. desember er det duka for det tradisjonsrike Ribberennet. Arrangementet går av stabelen på Langeland med Førde IL som arrangør.

Kveldstreningar alpint

Sogn og Fjordane Skikrins startar opp med kveldstreningar i alpint kommande onsdag 19. desember i Jølster Skisenter.

Klart for ny lisenssesong

Skisesongen nærmer seg, husk at alle skiløpere over 13 år må betale skilisens for å kunne delta på skirenn. Og vel så viktig, den fungerer også som forsikring.

VM-mønstring Hovden

14.-16. desember er det klart for junior VM-mønstring i langrenn på Hovden. Sjå kven som stiller frå Sogn og Fjordane.

Krinsrenn på Ullsheim

Det terminfesta krinsrennet i Hodlekve søndag 16. desember er flytta til Ullsheim med Markane IL som arrangør.

Norgescup Junior Konnerud

11.-13. januar 2019 er det duka for sesongens første NorgesCup for junior på Konnerud. Informasjon om skikrinsen sitt fellesopplegg er oppdatert 08/12-2018.

Ny dobbel på Mårstøl

Haugen-løparen Andrine Englund Mårstøl held fram med å imponere i løypa og vann to nye FIS-renn i Trysil.

se flere nyheter
Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI02, 02
NTB scanpix