Hopp til innhold

Opning og anleggspris

Skipresident Erik Røste og fylkesordførar Jenny Følling stod for snorklippinga då rulleskianlegget på Langeland vart offisielt opna søndag. Skipresidenten overrekte også årets Anleggspris til skisenteret.

Ein stor dag
- Dette er ein stor dag for oss, og det har vore ein lang prosess fram mot realisering av anlegget understreka styreleiar i Langeland Skisenter, Kjetil Bjørset, i samband med opninga.


F.v. Kjetil Bjørset (styreleiar Langeland Skisenter), Mathias Råheim (ordførar Gaular kommune), Jenny Følling (fylkesordførar), Olve Grotle (ordførar Førde kommune) og Ole Jakob Sande (Langeland Skisenter).

- Vi har lagt ned eit stort stykke arbeid og investert nærare 10 millionar kroner i rulleskianlegget, difor er det ekstra stas å bli tildelt skiforbundet sin anleggspris. Dette er eit synleg bevis på at vi har gjort mykje riktig i prosessen, og at anlegget etterkvart framstår som både tidsriktig og moderne, sa Kjetil Bjørset etter at skipresidenten hadde overrekt prisen.


Skipresident Erik Røste (t.v.) saman med styreleiar i Langeland Skisenter Kjetil Bjørset.

I vurderinga av kven som skulle motta årets anleggspris var det to anlegg som landa på lik poengsum ved vekting gjennom følgjande kriteriar:

-          At anlegget har gode løysningar i forhold til heilårsbruk
-          At det er tilrettelagt for god variasjon av aktivitetar
-          At utforming gjer det attraktivt for topp- og breiddesegmentet
-          At det er etablert gode løysninger for å sikre snø

I begrunnelsen for kvifor Langeland Skisenter vart tildelt prisen saman med Linderudkollen i Oslo heiter det:

Dette skisenteret utgjer regionens viktigaste treningstilbod for si grein. Gjennom dei siste åra har ein arbeida svært målretta for å sikre både god vinter- og sommaraktivitet. Rulleskianlegget på 3,3 km med opning 15.oktober 2017 befestar posisjonen som eit tidsriktig heilårsanlegg, innretta også for tur- og sykkelaktivitet. Snøproduksjonsanlegget har optimalisert teknologi for god kapasitet. I utforming av anlegget er det god likevekt mellom topp- og breiddesegmentet. Sentralt på arenaen er område for skileik, og anlegget er det naturlege utgangspunkt for turløyper i flott fjellterreng.


Skipresident Erik Røste (t.v.), fylkesordførar Jenny Følling og styreleiar i Langeland Skisenter Kjetil Bjørset.


Skipresident Erik Røste under den offisielle opninga av rulleskianlegget ved Langeland Skisenter.


Fakta om anlegget:
Skisenteret blir drive i aksjeselskapet Langeland Ski- og fritidssenter AS, og selskapet er eigd av Førde IL og Gaular IL, med 50% på kvar. Alle inntekter som skisenteret skaffar seg går til drift og utvikling av anlegget. 

Det ligg ein vesentleg dugnadsinnsats bak drifta av anlegget, av frivillige i skimiljøet i Førde og Gaular kommunar.

Anlegget som er etablert i Gaular kommune, men som ligg på grensa til Førde kommune har stor allmenn interesse, og er blant dei mest besøkte skianlegga i Sogn og Fjordane.

Vidare legg anlegget svært godt til rette for at born, unge og vaksne skal kunne utøve eigenaktivitet og aktivitet i regi av den frivillige medlemsbaserte idretten i begge nemnde kommunar.

Eit omtrentleg anslag tilseier at ca. 70% av brukargruppene på Langeland Ski- og Fritidssenter AS soknar til Førde kommune, medan resterande 30% av brukargruppene primært soknar til Gaular kommune. Men ein registrerar også at anlegget har gode besøkstal frå kommunane Fjaler, Askvoll, Naustdal, Jølster og Flora.

M.a.o. fungerar anlegget i dag som eit regionanlegg for Sunnfjord, og er definert som interkommunalt.

Anlegget har fått etablert gode løysingar i høve til heilårsbruk, der ein m.a. har fått realisert 3,3 km rulleskiløype samt sykkel-/ tursti i same trasè.

Denne delen av anlegget er i stor grad finansiert gjennom spelemidlar, programsatsingsmidlar, ekstra løyvingar gjennom kommunale- og fylkeskommunale instansar, samt eksterne sponsorar.

Kostnadsramma for rulleskianlegget er ca. kr. 9 mill.

Det er vidare verdt å merke seg at både dei ordinære langrennsløypene og rulleskianlegget er utforma på ein slik måte at det er attraktivt for både topp- og breiddesegmentet. I tillegg har skisenteret ferdigstilt eit svært godt og funksjonelt anlegg for snøproduksjon. Snøproduksjonsanlegget var ferdig etablert hausten 2015, og er kostnadsberekna til ca. kr. 3,5 mill.

Av utviklingsplanar framover kan ein nemne at skisenteret skal bygge nytt arenabygg i høve til skiforbundet sine normer. Arbeidet med arenabygget er påbegynt hausten 2017, og vert truleg ferdigstilt sommaren/ hausten 2018.

Skisenteret har også vidare planar om utviding av nærløypenettet, samt utvikling/ utbedring av område for skileik (basisanlegg).

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI02, 02