Hopp til innhold

Foto: Norges Skiforbund

Comeback som arrangør av norgescup i fjelltelemark

STRANDA: Alperittet inviterer til norgescup i fjelltelemark 22. februar.

For 25. gong skal over 100 skiglade menneskje sette utfor Roaldshorn (1230 moh) i Sunnmørsalpene, både med og utan laus hæl. 

– Det blir ein folkefest. Me gler oss noko enormt, seier Alperittgeneral, Randi Ansok. 

Meld deg på NC I FJELLTELEMARK her

Prega av snømangel 

Ansok legg ikkje skjul på at snømangel har prega avviklinga av Alperittet dei siste fire åra. 

– Me var nøydd å avlyse rennet i 2016 og 2019. Sjølv om også denne vinteren byr på utfordringar hiver me oss rundt og arrangerer. Løypa i år blir ikkje så lang som ho tradisjonelt har vore, men eit fjellrenn blir det, seier Ansok. 

Ho fortel at Alperittet er eit viktig renn for Stranda. 

– På Alperittet får me vist fram både fjella og matbygda vår på beste vis. Då er det ekstra kjekt å sjå at både publikum og deltakarar kjem frå heile landet. 

Sjå FB-arrangementet til Alperittet

Kvalitet framføre kvantitet

Alperittgeneralen kan avsløre at premiebordet er oppgradert.

– Med den milde vinteren i bakhovudet ønsker me å ha litt meir fokus på kvalitet framføre kvantitet i premieringa. Og sida Stranda er ei matbygd kan vinnarane glede seg til flotte premiar frå våre lokale leverandørar, seier Ansok. 

Sjå Alperittet.com for meir informasjon

Artikkel/Foto: Gunnhild Vangsnes, NSF 

NIF-EPI03, 03
NSF