Hopp til innhold

SPV AlpinCup, Jølster IL

Laurdag 8. og søndag 9. februar inviterer Jølster IL til Sparebanken Vest AlpinCup i Jølster Skisenter. Informasjon er oppdatert 05.02.2020.

Oppdatering frå Jølster IL Alpin pr. 05.02.2020: 
I Bjørkelia i Jølster har vi fått påfyll av tam og vill snø siste dagane. Alt ligg til rette for to flotte alpine renndagar til helga.

Vi ynskjer både kort- og langreiste alpinvenner hjarteleg velkomne! 

Oppdatering frå Jølster IL Alpin pr. 02.02.2020: 

  • Det er ein krevjande vinter å arrangere alpinrenn.
  • Vi arbeidar med innstillinga at vi skal arrangere storslalåm og slalåmrenn komande laurdag og søndag.
  • Vi har i store delar ein bra bakke. Slalåm er så og sei på plass, men vi treng hjelp for å ha ein bakke til storslalåm. Det er positive meldingar for dei komande dagane. Og om enn mildt inn mot rennhelg så ikkje dei store regnbygene.
  • Det som er meldt er ikkje alltid det same som det som blir. Onsdag kveld vil det bli gjort ny evaluering og gjort vedtak. Dette vil då kommuniserast vidare ut umiddelbart via krinsane sine sider. Uansett kva vedtak.
  • Ved planlegging av reise og opphold oppfordrar vi kvar enkelt til å ta høgde for alle eventualiteter så langt det går. Vidare ber vi om forståing for handteringa av situasjonen og at vi gjer det som står i vår makt for å få til to gode renn i Jølster til helga.

Renna er felles kvalifiseringsrenn med Hordaland Skikrets til Hovudlandsrenn og Telenorleikane 2020.

PÅMELDING - INFO

NB! Søk etter arrangementet under kommune "Sunnfjord" i påmelding i Min idrett.

nif-epi04, 04