Milliongåve til pilotprosjekt

Vi rettar ei stor takk til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane for gåva til pilotprosjektet som skal fornye og utvikle delar av Sogn skisenter i Hafslo. 

Hauste erfaringar og kunnskap

Gåveutdelinga fann stad denne veka, og arbeidet er allereie i gang på skisenteret. No er målet at erfaringane og kunnskapen frå piloten skal kome heile krinsen til gode. Styreleiar Jorunn Åsfrid Røyrvik forklarar:  

- Skikrinsen ynskjer å bidra til å skape heilårsanlegg i Sogn og Fjordane som fungerer som møteplassar for ulike grupper, inkluderer alle skigreinene og gir rom for sommaraktivitet. Ved å tilføre anlegga element som crossløyper, skileikbakker, sosiale soner og aktivitetsutstyr, vil ein legge til rette for at born, ungdom og familiar får eit meir variert og inkluderande tilbod. Vi vil no skaffe oss nødvendig erfaring og kunnskap frå pilotprosjektet, som vil styrke arbeidet med hovudprosjektet og målet om 5 – 7 slike anlegg i Sogn og Fjordane.  

Samarbeid på tvers

Sogn og Fjordane skikrins ser saman med Norges skiforbund og særskilt anleggsrådgjevar Marianne Myklebust, fram til vidare samarbeid med Sogn skisenter og Hafslo idrettslag, og ynskjer dei lukke til med realiseringa av anlegget.  

Heile saka frå gåvetildelinga les du hos Sparebank1 her. 

 

 

 

Publisert 27. jun. 2026