Haustmøte 2026

Sogn og Fjordane Skikrins inviterer til Haustmøte for langrenn, alpint og hopp/kombinert. Her finn du datoar og lenke til påmelding.

  • Langrenn, torsdag 29. oktober kl. 19.00 - 21.00
  • Alpint og freeski, mandag 2. november kl. 19.00 - 21.00
  • Hopp og kombinert, tysdag 3. november kl. 20.00 - 22.00

Alle møta blir gjennomført digitalt på Teams. 

Meld deg på her 

Det er viktig at du melder deg på, slik at du får tilsendt den digitale møtelenka til den epost-adressa du registrerer. 

Sakliste 

Sentralt i møta står informasjon om den komande sesongen, terminliste, samt andre aktuelle saker frå Skikrinsen. Konkret saklista for dei einskilde møta blir lagt ut om lag ei veke i forkant.  

For kven? 

Haustmøta er for alle som er interessert i skisporten, og ei moglegheit til å få informasjon om kva greinene jobbar med i Sogn og Fjordane, og å kunne bidra inn i dialog kring terminliste og andre saker. 

Kontakt

Dagleg leiar Bodil Ryste, tlf. 97518349 | epost: [email protected]

Publisert 07. okt. 2026