
Valkomiteen si innstilling
Jorunn Åsfrid Røyrvik og Tonje Norheim Tangerud får fornya tillitt som leiar og nestleiar i Skikrinsstyret! Valkomiteen si innstilling til hovudstyret og greinkomiteane kan du lese her. Valet vert gjort i samband med Skikrinstinget 26. mai 2025 på Skei.
Valkomiteen har gjort eit grundig arbeid i innstillinga til det nye Skikrinsstyret og greinkomiteane. Leiar i valkomiteen Svein Olav Myklebust seier følgjande om prosessen:
Tillit til leiinga
Skiforbundet har fleire tunge prosessar gåande i høve framtidig organisering og økonomi. Prosessane omhandlar også kretsane og grasrota. Valkomiteen tykkjer difor det er viktig med stabilitet og kontinuitet i høve styret. Tilbakemeldingane internt i styre og hjå klubbane tyder på høg grad av tillit til både internt og eksternt. Det er såleis naturleg at valkomiteen instiller på attval av leiar Jorunn Åsfrid Røyrvik og nestleiar Tonje Tangerud. I tillegg har styret fått med Eline Fannemel frå Hornindal, ei dame med brei erfaring frå skisporten, og som samstundes sikrar Hornindal og indre Nordfjord ei stemme i styret. Vidare har valkomiteen innstilt to nye greinleiarar i Atle Sæterbakken, Sogndal og Andre Haugsbø, Gaular. Sæterbakken er idrettsprofessor ved HVL i Sogndal, og var nyleg leiar for Telenorleikane i Sogndal. Andre Haugsbø er kjent langrennsløpar med sterke prestasjon og også med erfaring frå rekneskap og næringsliv. Vi er også heldige å få med mangeårig greinleiar for hopp og kombinert Jon Ove Lomheim, Hafslo. Med dette er styret sikra tre meget sterke fagpersonar.
Valkomiteen starta arbeidet med eit møte på Skei Hotel i desember, der vi fekk snakke med styret samla og einskildsvis. Etter det har det vore ei rekkje teammøter og oppfølgingsarbeid. Valkomiteen har vore sett saman av Svein Olav Myklebust (leiar), Bodil Ryste og Knut Tore Hjelle. Dei ulike medlemane har meldt seg inhabile i saker der dette har vore naudsynt.
Oversikt over heile valkomiteen si innstilling kan du lese nedst i saka.
Kort presentasjon av nye styremedlemmar:
Eline Fannemel, Hornindal IL - Nytt styremedlem
Eline er 38 år og bur i Hornindal med mann og tre gutar på 5, 9, og 12 år. Vi driv garden eg er oppvaksen på. Eg er utdanna samfunnsøkonom og jobbar som forretningsutviklar i Skatteetaten på Nordfjordeid. Eg har alltid vore gla i å ha ski på beina. Fram til eg var 21 år var eg aktiv skiskyttar. Som vaksen ivrar eg for å skape idrettsglede hjå born. Då eg studerte var eg trenar i Fossum skiskyting. Dei siste 10 åra har eg vore engasjert i skigruppa i Hornindal, og legg til rette for aktivitet både i langrennsløypa og alpinbakken.
Atle Hole Sæterbakken, Sogndal IL - ny leiar i alpinkomiteen
Atle er 45 år og vaks opp i Telemark som aktiv utøvar i oppveksten innafor langrenn, skiskyting, alpint utan å vera særleg god. Som 20-åring byrja han å konkurrere i telemark og har enno ikkje klart å slutte. Som trenar har Atle vore gjennom NSF sin trenarstige og har trenar III i både alpint og telemark med erfaring frå klubb- og krinsnivå. Til dagleg jobbar han som professor i idrettsvitskap ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag ved høgskulen med treningsfysiologi, treningslære og styrketrening som forskings- og undervisingsfelt.
André Haugsbø, Gaular IL - ny leiar i langrennskomiteen
André Haugsbø, 46år og jobbar som dagleg leiar i Rekneskap Fjordane AS. Har vert aktivt med i idrett heile livet og spesielt innan langrenn. Satsa som aktiv langrennsløpar til og med sesongen 2010-2011 og deltek framleis i både turrenn og lokale renn. Har stor glede av å vere i skimiljøet i Sogn og Fjordane.