Krinslagssamling Sognefjellet

Open krinslagssamling i Skjolden og på Sognefjellet frå 28. mai til 1. juni 2025! Samlinga er for alle junior og senior utøvarar som satsar langrenn i Sogn og Fjordane skikrins.

Sogn og Fjordane skikrins inviterer til krinslagssamling på Sognefjellet! 

Tidspunkt: Onsdag 28. mai - søndag 1. juni 2025 
Kvar: Skjolden og Sognefjellet 
For kven:

  • alle junior og senior løparar (f. 2009 og eldre)
  • løparar på impulslaget til Sogn og Fjordane skikrins (f. 2010 og 2011) 

Trenar: Simen Bækken 
Overnatting: Skjolden brygge i 5-sengs leilegheiter 
Pris: ca. kr. 500,- pr døgn for overnatting (i tillegg dekkar ein kostnadar med reise og alle måltid sjølve) 

Meir informasjon om program på samlinga vert lagt ut når det nærmar seg. 

PÅMELDING: 

Påmelding til samlinga gjer ein per e-post til [email protected] med følgjande info: 

  • Fullt namn 
  • Dato for ankomst og avreise 

Frist for påmelding: onsdag 21. mai kl. 12:00

Publisert 15. mai 2025