Skisamling Myrkdalen

Alpinkomiteen inviterer til skisamling i Myrkdalen på Voss 5.-7. desember 2025! Det vert to økter på ski kvar dag, samt moglegheit for kompetansebygging for trenarar og føresette.

5.-7. desember 2025 er det klart for skisamling i Myrkdalen. Vi køyrer to skiøkter kvar dag, med atterhald om snø- og bakkeforhold. 

Tidspunkt: fredag 5. - søndag 7. desember 2025

Stad: Myrkdalen skisenter 

For kven: alle utøvarar, trenarar og føresette 

Program: dagane vert lagtt opp slik: 
kl. 0930-1015: frikøyring 
kl. 1030-1230: trening 
kl.1230-1330: lunsj 
kl. 1330-1540: trening 

Det vert også lagt opp til gjennomføring av ulike kursmodular frå trenarkurs i alpint for å legge til rette for samarbeid mellom trenarane frå ulike klubbar og auke kompetansen til føresette. Dette vert planlagt nærmare når vi har oversikt over påmeldte deltakarar. 

Overnatting

Vi har fått tilbod om overnatting på Myrkdalen hotell, men det er også eit breidt utval hytter og leilegheiter som kan vere rimelegare alternativ. Sjå innbydinga for meir informasjon og prisar. 

Påmelding: gjer ein per e-post til kennet.dvergedal@skiforbundet.no innan 15. november. 

Spørsmål til samlinga kan rettast til AK leiar Atle Sæterbakken (tlf. 99 36 76 08), e-post: atle.saeterbakken@hvl.no 

Publisert 13. nov. 2025