Hopp til innhold

Skisamling Myrkdalen 5.-7. desember 2025

5.-7. desember er det duka for skisamling i Myrkdalen skisenter.

Alpinkomiteen inviterer til skisamling i Myrkdalen frå 5.-7. desember 2025. Samlinga er med atterhald om snøforhold og at skisenteret er opent. 

Invitasjon Myrkdalen 2025 

Stad: Myrkdalen skisenter

Tidspunkt: 5.-7. desember 2025 

Program: 2 skiøkter kvar dag (med utgangspunkt i storslalåm før lunsj og slalåm etter lunsj) 

Overnatting: Myrkdalen hotell 

Påmelding: gjer ein per e-post til kennet.dvergedal@skiforbundet.no med følgjande info: 

  • Fullt namn på alle som reiser 
  • Dato for ankomst og avreise 

Kostnadar

  • Sjå invitasjon med pris for overnatting per person inkludert frukost, heiskort og 3-retters middag 
  • Reisekostnadar dekker kvar enkelt sjølve
  • Alpinkomiteen dekker kr. 500,- pr døgn for utøvarar 

Spørsmål til samlinga kan rettast til adm. sjef Kennet Dvergedal per e-post kennet.dvergedal@skiforbundet.no eller AK-leiar Atle Sæterbakken (993 67 608), atle.saeterbakken@hvl.no 

NIF-EPI01, 01