Webinar: Prosjekt fornying av skianlegg
Sogn og Fjordane skikrins inviterer skiklubbar og skianlegg til webinar om prosjektet "rekruttering i klubb gjennom fornying av skianlegg". Prosjektet er i startfasen, men vi ønskjer å gi informasjon samt få tilbakemeldingar frå klubbane. Tidspunkt for webinaret er tysdag 11. november kl. 19:00.
Sogn og Fjordane skikrins inviterer til webinar om prosjektet "rekruttering i klubb gjennom fornying av skianlegg", tysdag 11. november kl. 19.
Kva: Webinar om prosjekt "rekruttering i klubb gjennom fornying av skianlegg"
Tidspunkt: Tysdag 11. november 2025, kl. 19:00-20:00
For kven: Representantar i skiklubbane og/ eller skianlegg i Sogn og Fjordane skikrins
Påmelding: gjer ein per e-post til kennet.dvergedal@skiforbundet.no og skriv fullt namn, klubb og e-postadresse
Lenke til webinaret vert lagt ut på denne nettsida og sendt direkte til alle påmeldte.
Kort om prosjektet:
Sogn og Fjordane skikrins ønskjer å skape skiglede for alle med utvikling av skianlegg i skikrinsen. Gjennom prosjektet vil vi utvikle og fornye 5-7 skianlegg i Sogn og Fjordane skikrins med bygging av vinterleikeland. Vinterleikelandet kan bestå av morosamme crossløyper for born og ungdom, sosiale møteplassar og gjerne sommaraktivitetar. Såleis blir vinterleikelandet ein gratis møteplass som fremmer eigenorganisert aktivitet året rundt. Sogn og Fjordane skikrins har som intensjon å bidra med søknadsmidlar og anleggsrådgjevning til bygging av vinterleikeland.
Formålet med webinaret er å informere om prosjektet, hente inn tilbakemeldingar, og gjere ei kartlegging for å sette i gong pilotprosjekt i 1 skianlegg.