Sparebanken Vest utøvarstipend 2025
I samband med samarbeidsavtalen til Sparbanken Vest og Sogn og Fjordane Skikrins alpint kan ein no søke på utøvarstipend for 2025. Utøvarstipendet skal stimulere til toppidrettssatsing for alpinistar i Skikrinsen. Søknadsfrist 1. desember.
Alpinkomiteen i lag med Sparebanken Vest deler ut utøvarstipend som skal stimulere til toppidrettssatsing for alpinistar i Skikrinsen.
Følgjande kritere vert lagt til grunn i tildelinga:
- FIS løpar
- Utøvar frå Sogn og Fjordane og representerer klubb frå Sogn og Fjordane Skikrins
- Utøvar må vise potensiale til å nå langt
- Utøvar viser gode haldningar
Stipendet vert gjeve til ein utøvar i 2024. Same utøvar kan ikkje motta stipendet fleire gonger.
Utøvarstipendet vert gjeve ut i samband med Skikrinsen sitt haustmøte, normalt i månadsskiftet oktober/ november.
Søknad
For å bli vurdert til utøvarstipendet skriv ein kort søknadstekst som inneheld følgjande:
- Fullt namn
- Klubb
- Sportslege målsetningar
- Kvifor fortener du SPV utøvarstipend i 2025
Søknad sendes til krinsadministrasjonen per e-post: kennet.dvergedal@skiforbundet.no
Søknadsfrist: måndag 1. desember 2025
Evt. spørsmål rettast til administrasjonen ved Kennet Dvergedal.
E-post: kennet.dvergedal@skiforbundet.no
Tlf. nr. 40 63 69 64