
Skisamling Beitostølen 28.-30. november 2025
Sogn og Fjordane skikrins inviterer til skisamling på Beitostølen 28.-30. november 2025. Samlinga er eit samarbeid med klubbar, og vi håpar fleire klubbar og utøvarar vil henge seg på.
I samband med krinslagssamlinga på Beitostølen 26.-30. november 2025 legg vi opp til ei skisamling for alle aldrar. Skigruppene i Sogndal IL og Førde IL/ Gaular IL har planlagte miljøsamlingar denne helga og skikrinsen sitt opplegg vil vere i samarbeid med desse.
Informasjon om samlinga:
Stad |
Beitostølen |
Dato |
28.-30. november 2025 |
Type samling |
Ski |
For kven |
|
Reisemåte |
Privatbilar |
Innkvartering |
Overnatting i hytter på Beitostølen Kostnad for overnatting er om lag kr. 200,- pr døgn (for løparar på krinslaget er overnatting dekka) |
Program |
Vert lagt ut når det nærmar seg. |
Treningsavgift |
Gratis |
Utstyr |
Sengeklede, joggesko, ski klassisk/skøyting, drikkebelte, personleg utstyr, treningsklede osv osv! |
Påmelding |
Påmelding:
Frist for påmelding: Tysdag 28. oktober 2025 |
Trenar |
Simen Bækken (976 59 707) |
Adm. ansv. |
Kennet Dvergedal (406 36 964) |